- Øvingar side 33
- Øvingar side 38–39
- Øvingar side 45–47
- Øvingar side 50
- Øvingar side 55–56
- Øvingar side 59
- Øvingar side 70–75
- Øvingar side 81–82
- Øvingar side 89–92
- Øvingar side 96
- Øvingar side 101
- Øvingar side 104
- Øvingar side 107–108
- TEST DEG SJØLV side 33
- TEST DEG SJØLV side 37
- TEST DEG SJØLV side 50
- TEST DEG SJØLV side 55
- TEST DEG SJØLV side 59
- TEST DEG SJØLV side 70
- TEST DEG SJØLV side 80
- TEST DEG SJØLV side 88
- TEST DEG SJØLV side 95
- TEST DEG SJØLV side 100–101
- TEST DEG SJØLV side 104
- TEST DEG SJØLV side 107
TEST DEG SJØLV side 50
- Kva er eit privatkjøp, og kva skil slike kjøp frå forbrukarkjøp?
Privatkjøp er kjøp ein forbrukar gjer av ein gjenstand frå ein person som ikkje hovudsakleg opptrer i næringsverksemd, jf. ei antitetisk tolking av forbrukarkjøpslova § 1. Kortversjonen er at privatkjøp er kjøp der begge partane er forbrukarar.
Det kan av og til vere tvil om eit kjøp er privatkjøp eller forbrukarkjøp. Dersom ein bonde til dømes sel ein traktor eller ein hest, sel han eit driftsmiddel som har vore brukt i gardsdrifta. Handelen er da eit ledd i næringsverksemda hans. Dersom kjøparen er forbrukar, vil kjøpet vere eit forbrukarkjøp. Dersom bonden derimot sel racersykkelen sin som berre er brukt privat, sel han som privatperson. Kjøpet av sykkel blir i så fall eit privatkjøp.
- Kva for ei lov skal nyttast når tvisten gjeld eit privatkjøp?
Kjøpslova frå 1988.
- Når blir ei vare rekna som levert i eit privatkjøp der det er avtalt at vara skal sendast av eit transportfirma?
Leveringstidspunktet følgjer av kjøpslova frå 1988, § 7(2). Levering skjer når vara blir gitt over til den fraktføraren som har teke på seg transporten fram til kjøparen. Det vil seie at leveringa skjer, og at risikoen går over til kjøparen før han eller ho får hand om vara. Dette er ein vesentleg skilnad samanlikna med forbrukarkjøp der levering og risikoovergang skjer når vara blir fysisk overlevert til forbrukaren. Samanlikn med forbrukarkjøpslova § 7 og § 14(4).
- Kva for krav kan du som kjøpar i eit privatkjøp rette mot ein seljar som ikkje leverer vara til rett tid?
Paragraf 22 gir oversikta. Kjøparen kan krevje oppfylling, heving eller erstatning og dessutan halde kjøpesummen attende. Dei nærmare vilkåra for kvart krav må undersøkjast, jf. §§ 23–29. Krava er dei same som ein forbrukar kan setje fram etter forbrukarkjøpslova, jf. § 19 i denne lova.